{"title":"Religions- og livssynsfaget som fagleg konglomerat","authors":"Øystein Brekke","doi":"10.5617/pri.9698","DOIUrl":null,"url":null,"abstract":"Læreplanens kjerneelement knytt til utforsking av religionar og livssyn med ulike metodar inviterer lærar og elev til å sjå at ulike ståstader gir ulik forståing av kva religionar og livssyn er for noko, som fenomen. Hovudsynspunktet i denne artikkelen er at eit fokus på fagontologi kan hjelpa oss til å forstå betre kva som ligg i denne innsikta. For å illustrera poenget diskuterer eg ein sekulær fagontologi opp mot det eg kallar ein livssynsopen fagontologi, og eg tar til orde for at religions- og livssynsfaget i norsk skule bør ha det siste som ramme.\nMed utgangspunkt i ein livssynsopen fagontologi argumenterer eg vidare for at skulefaget bør lena seg mot ein konglomerativ religionsdidaktikk, til skilnad frå ein didaktikk som stør seg på eit religionvitskapleg perspektiv åleine, som er blitt føreslått. Eit kritisk samvirke mellom ulike basisfaglege tradisjonar er, ut frå eit slikt perspektiv, viktig for arbeidet med religions- og livssynsfeltet i klasserommet. Avslutningsvis skal vi sjå på nokre nyare bidrag som søkjer å realisera slike metarefleksive perspektiv inn i konkret klasseromsarbeid. Av særskilt interesse i vår samanheng er måten det nye kjerneelementet inviterer elevar på ulike alderstrinn til øving i posisjonering og perspektivveksling på innafor ramma av eit objektivt, kritisk og pluralistisk RLE-fag i skulen.\nNøkkelord: Kjerneelement, utforsking, ulike metodar, religions- og livssynsfaget, vitskapsfilosofi, fleirfaglegdom, fagleg konglomerat, fagontologi, vitskapsfag, skulefag","PeriodicalId":56216,"journal":{"name":"Prismet","volume":" ","pages":""},"PeriodicalIF":0.0000,"publicationDate":"2022-06-22","publicationTypes":"Journal Article","fieldsOfStudy":null,"isOpenAccess":false,"openAccessPdf":"","citationCount":"1","resultStr":null,"platform":"Semanticscholar","paperid":null,"PeriodicalName":"Prismet","FirstCategoryId":"1085","ListUrlMain":"https://doi.org/10.5617/pri.9698","RegionNum":0,"RegionCategory":null,"ArticlePicture":[],"TitleCN":null,"AbstractTextCN":null,"PMCID":null,"EPubDate":"","PubModel":"","JCR":"","JCRName":"","Score":null,"Total":0}
引用次数: 1
Abstract
Læreplanens kjerneelement knytt til utforsking av religionar og livssyn med ulike metodar inviterer lærar og elev til å sjå at ulike ståstader gir ulik forståing av kva religionar og livssyn er for noko, som fenomen. Hovudsynspunktet i denne artikkelen er at eit fokus på fagontologi kan hjelpa oss til å forstå betre kva som ligg i denne innsikta. For å illustrera poenget diskuterer eg ein sekulær fagontologi opp mot det eg kallar ein livssynsopen fagontologi, og eg tar til orde for at religions- og livssynsfaget i norsk skule bør ha det siste som ramme.
Med utgangspunkt i ein livssynsopen fagontologi argumenterer eg vidare for at skulefaget bør lena seg mot ein konglomerativ religionsdidaktikk, til skilnad frå ein didaktikk som stør seg på eit religionvitskapleg perspektiv åleine, som er blitt føreslått. Eit kritisk samvirke mellom ulike basisfaglege tradisjonar er, ut frå eit slikt perspektiv, viktig for arbeidet med religions- og livssynsfeltet i klasserommet. Avslutningsvis skal vi sjå på nokre nyare bidrag som søkjer å realisera slike metarefleksive perspektiv inn i konkret klasseromsarbeid. Av særskilt interesse i vår samanheng er måten det nye kjerneelementet inviterer elevar på ulike alderstrinn til øving i posisjonering og perspektivveksling på innafor ramma av eit objektivt, kritisk og pluralistisk RLE-fag i skulen.
Nøkkelord: Kjerneelement, utforsking, ulike metodar, religions- og livssynsfaget, vitskapsfilosofi, fleirfaglegdom, fagleg konglomerat, fagontologi, vitskapsfag, skulefag