{"title":"Trusopplæringsreforma. Kva no?","authors":"Ingunn Aadland","doi":"10.5617/pri.9905","DOIUrl":null,"url":null,"abstract":"Dei siste åra har det blitt forska ein heil del på trusopplæringsfeltet. Det er ikkje sjølvsagt. For det som har med born å gjere, har lenge vore tillagt lite vekt. Ikkje berre innanfor teologien, men i samfunnet generelt. I dag er også forsking på barnehage eit veksande fagfelt. For arbeid med barn og unge treng også fagleg forankring. I ein refleksjonsartikkel med utgangspunkt i Dagny Kauls forsking, skildrar Tveito Johnsen korleis barneteologi fekk halde på i utkanten av vaksenteologien. Kauls kontroversielle teologi vekte slik sett lite oppsikt. Fordi den handla om born. Men, som Tveito skriv, bildet ser annleis ut i dag. Teologien er ikkje lenger barnlaus.\nTrusopplæringsreforma har bana veg for utforsking, fagutvikling og forsking, som handlar om born. Eg tør våge å påstå at dette er unikt for Norge, i alle fall i ein skandinavisk samanheng. For midlar frå kyrkjerådet har stimulert til utviklinga av større og mindre prosjekt som har involvert breidda i religionspedagogiske og teologiske fagmiljø. Fleire av desse prosjekta har blitt til bokutgjevingar og artiklar. Og mange av dei i Prismet tidsskrift og Prismet bok. Den siste var Tone Stangeland Kaufman (Red.), Forkynnelse for barn og voksne, som kom ut heilt i slutten av 2021. I eit oversiktskapittel om tidlegare forsking, listar Kaufman opp ei rekkje ulike forskingsprosjekt med vekt på gudstenester, forkynning og bibelbruk. Det er mange som har blitt engasjert i trusopplæringsrelatert forsking. Kva no? Er ein glansperiode over?\nEit utval har evaluert trusopplæringa i Den norske kyrkja, og hatt i oppdrag å anbefale ein veg for det pedagogiske arbeidet framover. Rapporten slår fast: «Det bør fortsatt satses på forskning på kirkelig undervisning og læring, i rammen av en helhetlig kirkelig FOUI-strategi.» I denne anbefalinga ligg det også ei namneendring til grunn, og ei utviding av målgruppa til også å gjelde vaksne. Det er mange fordeler med ei slik inkludering av alle. Samtidig er det verdt å merke seg det breie engasjementet rundt barn og unge som er etablert i kraft av reforma. Korleis vil dette sjå ut framover? Vil teologien behalda sin «barnlegheit»?\nI dette opne nummeret, handlar det om undervising og læring, i både skule og kyrkje, og om å tørre å vere forkynnande –overfor born– i kyrkja.\nMed utgangspunkt i evalueringsrapporten, drøftar Gunhild Tomter Alstad og Harald Hegstad det teologiske og pedagogiske grunnlaget for kyrkja si pedagogiske verksemd. Føremålet med denne tverrfaglege drøftinga er å skissere ei «heilskapleg forståing av kyrkja si pedagogiske verksemd». Premissa for den pedagogiske verksemda er endra, og difor må kyrkja tenke gjennom og tilpasse seg den nye konteksten.\nLinn Sæbø Rystad har undersøkt forholdet mellom forkynning og undervisning i trusopplæringa frå eit homiletisk perspektiv. Kva når forkynninga er så prega av pedagogikken at den mistar si eigenart, problematiserer Sæbø Rystad.\nKirsten Margrethe Andersen og Lakshimi Sigurdsson skriv om religionsundervisning i skole og kyrkje, frå eit dansk aksjonsforskingsprosjekt. Med utgangpunkt i praksiserfaringar frå prestar og lærarar, spør dei: kva er skilnader og fellestrekk mellom dei to undervisningsformene, og på kva måte bidrar dei to til danning?\nSom nemnt, kan du lese Elisabeth Tveito Johnsen sine refleksjonar rundt barneteologi, og til slutt ei bokmelding av Samarbeid mellom skole og kirke i et livssynsåpent samfunn, meldt Eileen Beate Ulseth. God lesnad!\nIngunn AadlandRedaktør","PeriodicalId":56216,"journal":{"name":"Prismet","volume":" ","pages":""},"PeriodicalIF":0.0000,"publicationDate":"2022-10-28","publicationTypes":"Journal Article","fieldsOfStudy":null,"isOpenAccess":false,"openAccessPdf":"","citationCount":"0","resultStr":null,"platform":"Semanticscholar","paperid":null,"PeriodicalName":"Prismet","FirstCategoryId":"1085","ListUrlMain":"https://doi.org/10.5617/pri.9905","RegionNum":0,"RegionCategory":null,"ArticlePicture":[],"TitleCN":null,"AbstractTextCN":null,"PMCID":null,"EPubDate":"","PubModel":"","JCR":"","JCRName":"","Score":null,"Total":0}
引用次数: 0
Abstract
Dei siste åra har det blitt forska ein heil del på trusopplæringsfeltet. Det er ikkje sjølvsagt. For det som har med born å gjere, har lenge vore tillagt lite vekt. Ikkje berre innanfor teologien, men i samfunnet generelt. I dag er også forsking på barnehage eit veksande fagfelt. For arbeid med barn og unge treng også fagleg forankring. I ein refleksjonsartikkel med utgangspunkt i Dagny Kauls forsking, skildrar Tveito Johnsen korleis barneteologi fekk halde på i utkanten av vaksenteologien. Kauls kontroversielle teologi vekte slik sett lite oppsikt. Fordi den handla om born. Men, som Tveito skriv, bildet ser annleis ut i dag. Teologien er ikkje lenger barnlaus.
Trusopplæringsreforma har bana veg for utforsking, fagutvikling og forsking, som handlar om born. Eg tør våge å påstå at dette er unikt for Norge, i alle fall i ein skandinavisk samanheng. For midlar frå kyrkjerådet har stimulert til utviklinga av større og mindre prosjekt som har involvert breidda i religionspedagogiske og teologiske fagmiljø. Fleire av desse prosjekta har blitt til bokutgjevingar og artiklar. Og mange av dei i Prismet tidsskrift og Prismet bok. Den siste var Tone Stangeland Kaufman (Red.), Forkynnelse for barn og voksne, som kom ut heilt i slutten av 2021. I eit oversiktskapittel om tidlegare forsking, listar Kaufman opp ei rekkje ulike forskingsprosjekt med vekt på gudstenester, forkynning og bibelbruk. Det er mange som har blitt engasjert i trusopplæringsrelatert forsking. Kva no? Er ein glansperiode over?
Eit utval har evaluert trusopplæringa i Den norske kyrkja, og hatt i oppdrag å anbefale ein veg for det pedagogiske arbeidet framover. Rapporten slår fast: «Det bør fortsatt satses på forskning på kirkelig undervisning og læring, i rammen av en helhetlig kirkelig FOUI-strategi.» I denne anbefalinga ligg det også ei namneendring til grunn, og ei utviding av målgruppa til også å gjelde vaksne. Det er mange fordeler med ei slik inkludering av alle. Samtidig er det verdt å merke seg det breie engasjementet rundt barn og unge som er etablert i kraft av reforma. Korleis vil dette sjå ut framover? Vil teologien behalda sin «barnlegheit»?
I dette opne nummeret, handlar det om undervising og læring, i både skule og kyrkje, og om å tørre å vere forkynnande –overfor born– i kyrkja.
Med utgangspunkt i evalueringsrapporten, drøftar Gunhild Tomter Alstad og Harald Hegstad det teologiske og pedagogiske grunnlaget for kyrkja si pedagogiske verksemd. Føremålet med denne tverrfaglege drøftinga er å skissere ei «heilskapleg forståing av kyrkja si pedagogiske verksemd». Premissa for den pedagogiske verksemda er endra, og difor må kyrkja tenke gjennom og tilpasse seg den nye konteksten.
Linn Sæbø Rystad har undersøkt forholdet mellom forkynning og undervisning i trusopplæringa frå eit homiletisk perspektiv. Kva når forkynninga er så prega av pedagogikken at den mistar si eigenart, problematiserer Sæbø Rystad.
Kirsten Margrethe Andersen og Lakshimi Sigurdsson skriv om religionsundervisning i skole og kyrkje, frå eit dansk aksjonsforskingsprosjekt. Med utgangpunkt i praksiserfaringar frå prestar og lærarar, spør dei: kva er skilnader og fellestrekk mellom dei to undervisningsformene, og på kva måte bidrar dei to til danning?
Som nemnt, kan du lese Elisabeth Tveito Johnsen sine refleksjonar rundt barneteologi, og til slutt ei bokmelding av Samarbeid mellom skole og kirke i et livssynsåpent samfunn, meldt Eileen Beate Ulseth. God lesnad!
Ingunn AadlandRedaktør