{"title":"Kva er eigentleg målet i matematikken?","authors":"Hans Georg Schaathun, Jan Gunnar Moe","doi":"10.5324/njsteme.v4i2.3099","DOIUrl":null,"url":null,"abstract":"Denne artikkelen tek for seg iterativ evaluering, revisjon og design over to år, for eit emne i grunnleggjande matematikk. Me har lagt vekt på tett dialog med studentane, mellom anna gjennom improvisert quiz i førelesingane. I denne tette kontakten vart me overraska av to observasjonar. For det fyrste var hovudutfordringa for studentane ikkje dei grunnleggjande rekneferdigheitene som me trudde på førehand. For det andre vert vesentlege læringsmål i emneskildringa neglisjerte både av læreboka og på eksamen, og studentane har òg lært seg til å neglisjera dei.\nDen andre observasjonen gjer at me stiller spørsmålet om kva som eigentleg er målet. Studentar som skal bruka matematikken i andre disiplinar treng kommunikasjons-, modellerings- og tankesettskompetanse, som ikkje tidlegare har vore vurderte ved eksamen. Skal matematikken vera nyttig, må desse måla løftast fram som naudsynte. Dei grunnleggjande ferdigheitsmåla som tradisjonelt vert prøvde på eksamen er aldri tilstrekkelege, og det er uklart i kva grad dei kan vera naudsynte.","PeriodicalId":202902,"journal":{"name":"Nordic Journal of STEM Education","volume":"48 1","pages":"0"},"PeriodicalIF":0.0000,"publicationDate":"2021-08-17","publicationTypes":"Journal Article","fieldsOfStudy":null,"isOpenAccess":false,"openAccessPdf":"","citationCount":"0","resultStr":null,"platform":"Semanticscholar","paperid":null,"PeriodicalName":"Nordic Journal of STEM Education","FirstCategoryId":"1085","ListUrlMain":"https://doi.org/10.5324/njsteme.v4i2.3099","RegionNum":0,"RegionCategory":null,"ArticlePicture":[],"TitleCN":null,"AbstractTextCN":null,"PMCID":null,"EPubDate":"","PubModel":"","JCR":"","JCRName":"","Score":null,"Total":0}
引用次数: 0
Abstract
Denne artikkelen tek for seg iterativ evaluering, revisjon og design over to år, for eit emne i grunnleggjande matematikk. Me har lagt vekt på tett dialog med studentane, mellom anna gjennom improvisert quiz i førelesingane. I denne tette kontakten vart me overraska av to observasjonar. For det fyrste var hovudutfordringa for studentane ikkje dei grunnleggjande rekneferdigheitene som me trudde på førehand. For det andre vert vesentlege læringsmål i emneskildringa neglisjerte både av læreboka og på eksamen, og studentane har òg lært seg til å neglisjera dei.
Den andre observasjonen gjer at me stiller spørsmålet om kva som eigentleg er målet. Studentar som skal bruka matematikken i andre disiplinar treng kommunikasjons-, modellerings- og tankesettskompetanse, som ikkje tidlegare har vore vurderte ved eksamen. Skal matematikken vera nyttig, må desse måla løftast fram som naudsynte. Dei grunnleggjande ferdigheitsmåla som tradisjonelt vert prøvde på eksamen er aldri tilstrekkelege, og det er uklart i kva grad dei kan vera naudsynte.