Gro Hovland, A. Halding, Dagrun Kyrkjebø, O. Kleiven, Erik Zakariassen, Siri Ytrehus
{"title":"Eit viktig kompetanseløft for heile den kommunale helse- og omsorgstenesta","authors":"Gro Hovland, A. Halding, Dagrun Kyrkjebø, O. Kleiven, Erik Zakariassen, Siri Ytrehus","doi":"10.7557/14.5872","DOIUrl":null,"url":null,"abstract":"Helsedirektoratet initierte prosjektet «Pilot legevakt», ein ny modell for akuttmedisinske tenester i rurale strøk som har vanskar med å sikre akuttmedisinsk ekspertise. På legevaktsatelitten gjennomfører sjukepleiaren konsultasjonen i videokonferanse med lege. Denne studien utforskar leiarane sine erfaringar. Ti leiarar frå fem kommunar deltok i kvalitative intervjue. Basert på intervjua vart det gjort ein kvalitativ innhaldsanalyse. Potensialet for kompetanseheving og rekruttering av nye sjukepleiarar motiverte leiarane for deltaking, og dei såg på prosjektet som eit høve til å auke akuttmedisinsk kompetanse i heile den sjukepleiefaglege tenesta i kommunen. Leiarane la vekt på å støtte sjukepleiarane i den nye kombinerte rolla som «satellittsjukepleiar» og i den ordinære rolla som sjukepleiar i kommunen. Nye former for tverrfagleg samarbeid blei vurdert som avgjerande for kompetanseheving. Leiarane sitt inntrykk var at sjukepleiarane opplevde dei nye oppgåvene som interessante, og at det ga høve til å auke rekruttering og stabilitet i sjukepleiestaben.","PeriodicalId":30131,"journal":{"name":"Nordisk Tidsskrift for Helseforskning","volume":" ","pages":""},"PeriodicalIF":0.0000,"publicationDate":"2023-03-22","publicationTypes":"Journal Article","fieldsOfStudy":null,"isOpenAccess":false,"openAccessPdf":"","citationCount":"0","resultStr":null,"platform":"Semanticscholar","paperid":null,"PeriodicalName":"Nordisk Tidsskrift for Helseforskning","FirstCategoryId":"1085","ListUrlMain":"https://doi.org/10.7557/14.5872","RegionNum":0,"RegionCategory":null,"ArticlePicture":[],"TitleCN":null,"AbstractTextCN":null,"PMCID":null,"EPubDate":"","PubModel":"","JCR":"","JCRName":"","Score":null,"Total":0}
Eit viktig kompetanseløft for heile den kommunale helse- og omsorgstenesta
Helsedirektoratet initierte prosjektet «Pilot legevakt», ein ny modell for akuttmedisinske tenester i rurale strøk som har vanskar med å sikre akuttmedisinsk ekspertise. På legevaktsatelitten gjennomfører sjukepleiaren konsultasjonen i videokonferanse med lege. Denne studien utforskar leiarane sine erfaringar. Ti leiarar frå fem kommunar deltok i kvalitative intervjue. Basert på intervjua vart det gjort ein kvalitativ innhaldsanalyse. Potensialet for kompetanseheving og rekruttering av nye sjukepleiarar motiverte leiarane for deltaking, og dei såg på prosjektet som eit høve til å auke akuttmedisinsk kompetanse i heile den sjukepleiefaglege tenesta i kommunen. Leiarane la vekt på å støtte sjukepleiarane i den nye kombinerte rolla som «satellittsjukepleiar» og i den ordinære rolla som sjukepleiar i kommunen. Nye former for tverrfagleg samarbeid blei vurdert som avgjerande for kompetanseheving. Leiarane sitt inntrykk var at sjukepleiarane opplevde dei nye oppgåvene som interessante, og at det ga høve til å auke rekruttering og stabilitet i sjukepleiestaben.