{"title":"Fruktbar pederasti","authors":"Per Esben Myren-Svelstad","doi":"10.7557/13.5578","DOIUrl":null,"url":null,"abstract":"Artikkelen utforskar korleis forfattaren Åsmund Sveen bidrog til propagandaen frå Nasjonal Samling (NS) under andre verdskrigen. Tidlegare forsking på Sveens NS-engasjement har teke utgangspunkt i homofobiske, stereotype førestillingar for å forklåre korleis ein mann som levde i eit homofilt forhold kunne fremja ein homofiendtleg ideologi. I denne artikkelen blir spørsmålet stilt andre vegen: Korleis kunne NS akseptere at Sveen tok med eit homoerotisk dikt i ein propagandaantologi over norsk litteratur? Ved å lesa Sveens propaganda i ljos av vitalistisk estetikk og ein tvitydig maskulinitetskonstruksjon argumenterer eg for at forholdet mellom homoerotikk og nazisme er komplekst i tekstene av Sveen så vel som i moderne kultur som heilskap. Slik kunne ein utopisk maskulinitetsvisjon vera akseptabel innanfor nazistisk ideologi. ","PeriodicalId":53235,"journal":{"name":"Nordlit Tidsskrift i litteratur og kultur","volume":"9 1","pages":""},"PeriodicalIF":0.0000,"publicationDate":"2022-06-22","publicationTypes":"Journal Article","fieldsOfStudy":null,"isOpenAccess":false,"openAccessPdf":"","citationCount":"0","resultStr":null,"platform":"Semanticscholar","paperid":null,"PeriodicalName":"Nordlit Tidsskrift i litteratur og kultur","FirstCategoryId":"1085","ListUrlMain":"https://doi.org/10.7557/13.5578","RegionNum":0,"RegionCategory":null,"ArticlePicture":[],"TitleCN":null,"AbstractTextCN":null,"PMCID":null,"EPubDate":"","PubModel":"","JCR":"","JCRName":"","Score":null,"Total":0}
引用次数: 0
Abstract
Artikkelen utforskar korleis forfattaren Åsmund Sveen bidrog til propagandaen frå Nasjonal Samling (NS) under andre verdskrigen. Tidlegare forsking på Sveens NS-engasjement har teke utgangspunkt i homofobiske, stereotype førestillingar for å forklåre korleis ein mann som levde i eit homofilt forhold kunne fremja ein homofiendtleg ideologi. I denne artikkelen blir spørsmålet stilt andre vegen: Korleis kunne NS akseptere at Sveen tok med eit homoerotisk dikt i ein propagandaantologi over norsk litteratur? Ved å lesa Sveens propaganda i ljos av vitalistisk estetikk og ein tvitydig maskulinitetskonstruksjon argumenterer eg for at forholdet mellom homoerotikk og nazisme er komplekst i tekstene av Sveen så vel som i moderne kultur som heilskap. Slik kunne ein utopisk maskulinitetsvisjon vera akseptabel innanfor nazistisk ideologi.